Description

Fast og god stein, for det meste svakt heng. Noko vertikalt. Feltet består av to hovudsteinar + ein vi har kalla "prosjektsteinen". Der er ein stor stein rett vest for parkeringa, som står fritt for å bli etablert linjer på.

History

Steinen kom fram under rydding av skog nære e39 ca i 2011-12.. Dei aller fleste linjene på den vestlege steinen vart etablert samme år.
På Haraldsteinen, eitt år seinare.
Avdøde Harald Aarseth som feltet er oppkalla etter. Gjorde ein fantastisk innsats, med både planéring, drenering og opparbeiding av parkering for oss.